Så lenge eg kan hugse har dyr vore ein del av livet mitt. Oppvaksen på gard med mjølkekyr var pass og stell av dyr ein naturleg aktivitet. Øvst på ynskjelista til kvar jul stod det alltid: hest, hund, katt(vi hadde allereie mange), kanin, hamster, marsvin o.s.b. Fann eg ein foreldrelaus dyreunge så tok eg han med heim for å hjelpe og ta vare på han. Alt i frå kattungar og kråkeungar til hårlause musungar vart tekne inn i varmen.
I vaksen alder har eg overteke barndomsheimen og draumen er å starte eit dyrepensjonat i driftsbygninga som ikkje lenger blir brukt til gardsdrift. Men det er ein lang veg å gå og det er ingenting som gjer seg sjølv. Er så vidt i gang med å lage til to rom i første omgang, der eg ser føre meg at det vil vere plass til 6-7 hundar.
Gratulerer med nyoppstarta pensjonat🌺🐕🐕gleder oss til fortsettelsen👏🏻
LikeLike
Dette blir spennande Anne Jorunn
LikeLiked by 1 person
Ja, veldig spennande!!
LikeLike